Fem dagar med undervisning i fele! Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.
Strunkeveko vart etablert i 1998 og er eit vekeskurs i folkemusikk og folkedans for barn og ungdom mellom 11 og 20 år, og kan kallast starten på eit folkemusikkliv.
Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans i landet, og rundt 100 deltakarar er med på kursstaden Merket i Tisleidalen.
På Strunkeveko får du kyndig kursing av dei beste lærarane, fleire konsertar og ikkje minst vener i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø som varar livet ut.
Strunkeveko tilbyr kurs i alt frå torader og hardingfele til hallingdans og pardans. Skal du delta på Jørn Hilme-stemnet? Då er Strunkeveko ei kjempefin oppkøyring og øvingsarena!
Les mer her.